utsikt-molden-opp-ligg.jpg
2015 046.jpg

Velkomen til nytt løp
18. juni 2022

 
 
luster_spb_660px.png

Molden opp

Molden Opp er eit årleg motbakkeløp til toppen Molden (1116 moh.). Løypa startar ved Tørvis Hotell i Marifjøra ved Lustrafjorden og er på ca. 7 km, og har 1.116 høydemeter.

Molden (1116 m.o.h.) gjev deg kanskje den flottaste utsikta i heile Luster. Her har du panoramautsikt til fjorden, Breheimen og Jotunhemen. Løypa har ikkje unnabakkar. Løypa er særs variert både med omsyn til løpsunderlag og stigningsprosent. Etter om lag 1,5 km (og 110 høgdemeter) på brei turveg/ traktorveg/ grusveg, går løypa på sti oppover i skogen med store variasjonar i stigningsprosent mellom 5 og 25 opp til stølsområdet ved Svolsete 775 moh.

Frå Svolsete og opp mot mål går løypa i lettløpt fjellterreng, men med nokre bratte kneiker som kun dei aller beste kan springe opp. Opp mot toppen er det flott utsyn sørvestover mot Hafslo, nordvestover mot Gaupne, Jostedalen, Jostedalsbreen og nordaustover mot Lustrafjorden, Skjolden, Fanaråken og Hurrungane i Jotunheimen.

 

 

 

 
1. Joel Dyrhovden, Samnanger IL / SAFA, 50:24

1. Joel Dyrhovden, Samnanger IL / SAFA, 50:24

1. May Britt Buer, Team La Sportiva, 1:02:10

1. May Britt Buer, Team La Sportiva, 1:02:10

Vinnarane av Molden opp 2019 vart Joel Dyrhovden og May Britt Buer